Borgund Stavkyrkje

I gåavstand på nesten ikkje trafikert veg ligg Borgund stavkyrkje. Kyrkja er bygd kring år 1180, og er svært godt bevart. Ho er den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene.

Det som er nytt for sesongen 2005 er at det er bygt nytt stavkyrkjemuseum som vil visa historien til Borgund stavkyrkje og dei andre stavkyrkjene i landet med ei spesiell utstilling.

Vindhellavegen

Vindhellavegen er ei perle å gå om sommaren. Det er ein del av den gamle Kongevegen mellom aust og vest som var ferdig ca. 1748 og brukt omlag 50 år.

Dei gamle vegane

Sognefjorden og Lærdal har alltid vore ei viktig rute mellom Vestlandet og Austlandet, og mange generasjonar av gamle vegar ber vitnemål om det. Olav den Heilage drog gjennom dalen i 1023, og lot etter seg ei rekke segn, som det steinslegne trollet "Jutlamannen" ved Bjørkum, som utfordra kongen og som straff står og stirer blindt utover dalen til evig tid. Eit anna minne er "Olavsklemma" ved Sjurhaugfossen, som viser merker etter at kongen pressa hesten sin gjennom den tronge kløfta. Dei tyske befestningane her øydela delvis Olavsklemma. Kong Sverre rei gjennom Lærdal med birkebeinarane sine i 1177 - ikkje noka triveleg vitjing for lærdølene. Men ein av gamle vegane vart bygd på kong Sverres befaling - "Sverrestigen" frå Borgund stavkyrkje til Husum.

Dei gamle vegane er lette å kome til, og jamt over godt vedlikehaldne. Dei er ideelle vandre- og joggestigar. Dei best haldne er:

Sverrestigen, Galdane i den tronge elvedalen mellom Sjurhaugfossen og Sælto, Kongevegen over Fillefjell, med dei "sju skuffelsane" opp frå Maristova, opprusta i 1793, Vindhella and Sæltaåsen, frå 1843.