Borgund Hyttesenter og camping ligg sentralt til både for turer til fots og med bil.

Når det gjeld bilturar kan ein nevna at det berre er 40 km til Flåm og Flåmsbana gjennom verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnellen. Det er daglege ferjeforbindelser frå Lærdal til Gudvangen. Tek ein bil med seg kan ein kjøyra til Flåm, Aurland og så kjøyra snøvegen tilbake til Lærdal og campingplassen. Det er kort veg til å sjå Jostedalsbreen og bremuseumet i Fjærland. Dette for å nevna noko ein kan sjå av indre sogneregionen ved å bu på Borgund Hyttesenter.

En kjempefin tur er å ta bil og kjøyra til Øvre Årdal. Parkera bilen og gå til Europas høgste foss "Vettisfossen" og gå tilbake til bilen, kjøyra over turtagrø til Sogndal, ferje fra manhiller til Fodnes og bil tilbake til campingplassen. 

Det er 25 km til Lærdalsøyri med Villakssenteret og Gjesmegalleriet.

Det er Golfbane på Rikheim Gard berre 17-18 km frå plassen.